13.Des - 22.Des

Videoprogram fra Høstutstillingen 2019

Maren Dagny Juell, Elise Nohr, Kristian Pedersen

Videoprogram frå Statens kunstutstilling, Høstutstillingen 2019
Verk:

Maren Dagny Juell – Tutorial#13 JOY, 04:20 min, 2019
Elise Nohr – Sensurert, 03:45 min, 2017
Kristian Pedersen – Little Boy, 05:20 min, 2018

Maren Dagny Juell sin film Tutorial#13 JOY er basert på eit format skapt for sosiale medium og YouTube. Teksten som blir lese opp av to 9 år gamle jenter er sett saman av mange ulike kjelder, basert på ein type journalistikk som presenterer tidsbruken til CEO’s (bedriftsleiarar) og råd frå vellukka “time management” foredragshaldarar.

Med filmen Sensurert ynskjer Elise Nohr å sette fokus kroppen sine funksjonar til fordel for utsjånaden. Rundt oss blir kroppar stadig sensurert, kommentert og avgrensa, noko dette videoverket gjenspeglar og vil vere ein motsats til. Humor og leikenheit er verkemiddel kunstnaren tek i bruk for å formidle ein underliggande bodskap.

Animasjonsfilmen Little Boy av Kristian Pedersen er ein abstrakt kortfilm som stoppar tida i det atombomba med kodenavn «Little Boy» detonerte på himmelen over Hiroshima, morgonen 6. august 1945. Kunstnaren har ynskja å gjenskape det ubegripelige inferno av flammer og varme som oppsto i den augneblinken bomba gjekk av og lyste som ei grusam sol over Hiroshima.

Videoprogrammet frå Høstutstillingen 2019 blir vist i 13 lokale kunstforeiningar i samarbeid med Norske Kunstforeninger. Samarbeidet er viktig av mange grunnar, ikkje minst fordi det bidrar til å gjere Høstutstillingen til ei nasjonal utstilling. Ikkje berre for kunstnarane som deltek, men òg for publikum som kan sjå kunsten der dei bur. I 2019 er det sjuande gong Høstutstillingen viser videoverk i kunstforeiningar rundt om i landet. Årets Høstutstilling har eit omfattande videoprogram som blir vist eit spesialbygd videorom inne i ein av utstillingssalane på Kunstnernes Hus. Det er tre av desse videoane som blir vist i videoprogrammet som blir vist hjå lokale kunstforeiningar.

Meir informasjon: www.hostutstillingen.no / www.kunstforeninger.no

Kunstnarar:

Maren Dagny Juell (f. 1976 i Oslo) bur i Ås og har mastergrad fra Chelsea College of Art and Design (London). Ho har hatt separatutstillingar ved blant anna Trafo Kunsthall (Asker), Trøndelag senter
for samtidskunst, PODIUM (Oslo) og Akershus Kunstsenter. Juell har også deltatt på videokunstbiennalen Channels (Melbourne) og i gruppeutstillingar ved Astrup Fearnley Museet og Stavanger kunstmuseum. Nettside: http://www.marenjk.net/

Elise Nohr (f. 1995 i Bodø) bur i Oslo. Ho er utdanna ved Prosjektskolen (Oslo) og er no student ved Kunsthøgskolen i Oslo. Nohr har deltatt på ei rekke studentutstillingar og halde ein performance ved arrangementet Elvelangs i fakkellys (Oslo).

Kristian Pedersen (f. 1980 i Fredrikstad) har ein mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen, og arbeider som animatør, formgjevar og regissør i Oslo. Filmkatalogen hans inneheld blant anna poesi-filmserien Gasspedal Animert (forlaget Gasspedal, 2010—2014), Bøygen (2016) og Little Boy (2018) – sistnemnde to produsert av animasjonsstudioet Mikrofilm. Filmane har blitt vist på ei rekke internasjonale festivalar for film, animasjon og litteratur, frå Japan til Canada. Kortfilmen Little Boy hadde internasjonal premiere under animasjonsfestivalen i Hiroshima, august 2018.







Design: Marianne Bjørnmyr - Publiseringsløsning: Publishpack.no